FritidskontaktEin fritidskontakt også kalla støttekontakt hjelper deg som treng tilrettelegging for å delta i sosiale aktivitetar og få ei meiningsfull fritid.Kva er ein fritidskontaktFritidskontakten skal vera med å leggje til rette for at brukaren:Kan delta i ulike fritidsaktivitetar/ tilbodFår utvida det sosiale nettverket sittFå støtte på eigne premiss og oppleve meistringKven kan søkjaBarn og unge som har behov for fritidskontakt på grunn av alder, funksjonsnedsetting eller sosiale vanskar.For å få fritidskontakt må du vere busett i Bømlo kommune og ha behov av ein slik art at du har rett til naudsynte helse- og omsorgstenester frå kommunen.Kva kostar detDet er gratis å motta fritidskontakt men barn og unge som mottar fritidskontakt må sjølve dekke sine utgifter til den aktuelle aktiviteten.Dersom du er avhengig av følgje kan du ha rett på følgjeprov, då kan fritidskontakten din få gratis inngong til enkelte aktivitetar.Slik søkjer duI søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.Skjema for søknad om fritidskontakt og følgjeprov (PDF, 2 MB)Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.Send søknad til:Barne- og familietenestaSosiale tenester barn og ungeLeirdalen 15430 Bremnes Kor kan du få meir informajson? Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring oss på telefon: 53 42 33 30 Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det? Det er sosiale tenester barn og unge som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med søkjar for å kartleggje hjelpebehov. Sosiale tenester sender deg eit vedtak etter kartlegging. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknaden? Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon: 53 42 33 30 Vil du bli fritidskontakt? Har du lyst til å hjelpa andre til ei meiningsfull fritid? Du må vera interessert i å jobba med barn og unge og ynskjer å vera med å bidra til at andre får ei meiningsfull fritid. Det er ingen krav til fagleg utdanning, men ein legg stor vekt på personlege eigenskapar. Oppdraget kan variere frå 3 til 5 timar i veka. Ynskjeleg at ein kan binda seg til oppdraget for ein lengre periode, helst eit år. Alle må levera politiattest. Søknad kan sendast til oss på e-post eller som brev. Kontakt oss:Postadresse: Sosiale tenester barn og unge, Rådhuset, Leirdalen 15430 BREMNESTelf.: 53 42 33 30Gro Marita Våge Tulloch Mobil: 468 92 130Send e-post tilCecilia Rodrigues ThormodsæterMobil: 470 39 912Send e-post tilJulie Teige Mobil: 948 09 359Send e-post tilTimeliste for fritidskontakt - barn og unge (PDF, 1005 kB) Sist endra 12.02.2025 15:27