FølgjeprovFølgjeprov også kalla ledsagerbevis er for personar som treng å ha med seg følgje for å delta på kultur- og fritidstilbod.Kven kan få følgjeprov?Barn og unge på Bømlo med bistandsbehov kan søkja til Barne- og familietenesta for å få tildelt følgjeprov.Bistandsbehovet må normalt vera av minst 2-3 års varighet.Kor kan følgjeprovet brukast?Beviset kan brukast ved alle plassar og arrangement som har akseptert denne ordninga over heile landet. Arrangørar og plassar som akseptere ordninga markere dette med det offentlege symbolet for følgjekort/ ledsager ved inngang/ luke og liknande. Følgjeprovet er personleg og er med bilde. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.Kva kostar det?Følgjeprov er gratis. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgeprov vert akseptert.Søknadsskjema finn du her (PDF, 375 kB)Send søknad til:Barne- og familietenestaSosiale tenester barn og ungeLeirdalen 15430 BremnesTelf.: 53 42 33 30 Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det? Det er Sosiale tenester barn og unge som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden? Du kan klage på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Kor kan du få meir informasjon? Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden din eller klage? Ring oss på telefon: 53 42 33 30 Kontakt oss:Gro Marita Våge Tulloch Mobil: 468 92 130Send e-postCecilia Rodrigues ThormodsæterMobil: 470 39 912Send e-postJulie Teige Mobil: 948 09 359Send e-post