AvlastingAvlasting er ei tenesta til personar eller familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid for barn og unge. Formålet er at omsorgsytar skal bli avlasta frå sine daglege oppgåver. Avlastningstiltak skal hindra overbelastning og skal gi omsorgspersonar nødvendig fritid og ferie.Kva kan me tilby:Opphald heime hjå privat avlastarOpphald i kommunens avlastningsbustadDet vert vurdert i kvar enkelt sak i samråd med søkjar om kva tilbod som vil vera hensiktsmessigt. Tilbodet er time- og/eller døgnbasert avlasting.Slik søkjer duI søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.Søknadsskjema om avlasting (PDF, 2 MB)Send søknaden som brev til:Barne- og familietenestaSosiale tenester barn og ungeLeirdalen 15430 Bremnes Kor kan du få meir informasjon? Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring oss på telefon: 53 42 33 30 Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det? Det er sosiale tenester barn og unge som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å kartleggje ditt hjelpebehov. Sosiale tenester sender deg eit vedtak etter kartlegging. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknden Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon: 53 42 33 30 Vil du bli privat avlastar? Å vera avlastar innebere at du gir andre omsorgsytarar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver, ein moglegheit til fritid. I tillegg får barnet/ungdommen nye opplevingar ilag med deg og dine. Privat avlasting er til barn og unge som bur heime. Privat avlasting kan vera både på time- og døgnbasis. Kven kan bli privat avlastar? Har du litt ekstra husrom og hjerterom til eit barn eller ungdom? Ynskje du å bidra med at andre får ein lettare kvardag? Me treng personar som er i ein stabil livsituasjon og som har tid og overskot til å gi oppmerksomheit til nokon som treng det. Det er ingen krav til fagleg utdanning, men ein legg stor vekt på personlege eigenskapar. Alle må levere politiattest. Send søknad til oss på epost eller som brev. Timeliste avlastar (PDF, 1004 kB)Kontakt oss:Postadresse:Sosiale tenester for barn og unge Leirdalen 15430 BREMNESGro Marita Våge Tulloch Mobil: 468 92 130Send e-postCecilia Rodrigues ThormodsæterMobil: 470 39 912Send e-postJulie Teige Mobil: 948 09 359Send e-post Sist endra 12.02.2025 15:21