Rask psykisk helsehjelp

Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) er eit gratis korttidstilbod for alle over 16 år som bur i kommunen som ynskjer hjelp med lettare former for angst, mild og moderat depresjon, begynnande rusutfordringar og søvnvanskar.  Tilbodet skal hjelpa den enkelte med å endra tankemønster og åtferd som skapa utfordringar i kvardagen.  Du søkjer om tilbodet via vegvisaren merka med 1 under. 

Me tilbyr vegleia sjølvhjelp (digitale behandlingsprogram), undervisningsgruppe/kurs, gruppebehandling og individuell behandling. Tilboda er hovudsakleg basert på kognitiv terapi, og tek sikte på at du skal læra deg teknikkar for å handtera vanskelege kjensler på ein meir hensiktsmessig måte. 

Tilboda i RPH

Målsetjinga for RPH er blant anna at du får kome til raskt, men det kan likevel oppstå venting. 

For at du skal nyttiggjere deg av tilbodet må du vera motivert, vera klar for å jobba med utfordringane du har, og ha eit ynskje om og kapasitet til å ta aktiv del i din eigen behandlingsprosess.  

     

 

 

 

Tilbodet passa for deg som:

  • har kjent deg trist og nedstemt
  • har angst i sosiale situasjonar
  • opplev ofte panikkanfall
  • opplev å stresse mykje i kvardagen
  • slit med grubling og bekymring 
  • ynskjer å utforska og eventuelt endre dine rusvanar

 

Me veit at depresjon og angst er ein vanleg årsak til sjukefråvær og redusert livskvalitet. I slike tilfelle er det lurt å oppsøkja hjelp tidleg, slik at problema ikkje får utvikla seg. 

Tilbodet passa ikkje for deg som:

  • treng langvarig oppfølging/behandling
  • har alvorleg grad av; angst, depresjon, søvnvanskar og/eller rusvanskar.
  • har komplekse og samansette utfordringar som har vart over tid
  • ikkje er motivert for å vera aktiv i behandlingsprosessen

 

Er du i behov av akutt hjelp grunna akutt krise, suicidale tankar eller alvorleg psykisk liding må du ta kontakt med fastlege, legevakt (tlf 116117) eller medisinsk naudnummer (tlf 113).

 

 

Lurar du på noko?

Teamleiar:
Marie Røsvik Haldorsen

E-post: marie.rosvik.haldorsen@bomlo.kommune.no

Til toppen