Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) hjelper barn og unge som har behov for særskilt tilrettelegging i skulen eller barnehage og hjelper tilsette i barnehage og skulen med å legge til rette for det.

Kven kan få hjelp av PPT?

PPT hjelper barn og unge med særskilte behov. Eksempel på særskilte behov kan vere:

  • språk- og talevanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale- og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syn- og hørselsvanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • nonverbale lærevanskar
     

Slik tilviser du til PPT

Foreldre, tilsette i helse- og omsorgstenesta, barnehage og skule kan tilvise (melde opp) til PPT.
Me oppmodar likevel at foreldre som tenkjer at barnet/eleven bør tilvisast PPT, fyrst tek kontakt med skulen/kontaktlærar eller barnehagepedagog som tek opp problemstillinga med sakshandsamar på PPT som er knytt til skulen eller barnehagen deira. 

Tilvising av skuleelev (PDF, 347 kB)         Tilvising av barn i barnehage (PDF, 576 kB)   

For å fylle ut skjemaet må du fyrst laste ned dokumentet, då vert svarfelt aktivert.
Etter utfylling kan skjemaet sendast til oss som SIKKER elektronisk post (sjå under) eller pr. vanleg post. 
Grunna personvern kan PP-tenesta IKKJE ta i mot tilvisingar pr. e-post.  
 

Elektronisk post:
PEDAGOGISK-PSYKOLOGISK KONTOR
Organisasjonsnummer.: 973 939 041
(sikker elektronisk sending for personsensitive dokument direkte til vårt fagsystem). Ikkje epost. 

Brev til:
Barne- og familietenesta, PPT
Leirdalen 1
5430 Bremnes


Andre skjema frå PPT og Barne- og familietenesta 

Melding om nye behov til PPT  (PDF, 920 kB)            Skjema for vurdering av logoped  (PDF, 2 MB)


Melding om aktuell sak til BFT      (PDF, 2 MB)           Søknad om førebyggjande tiltak  (PDF, 2 MB)


Pedagogisk rapport grunnskule   (DOCX, 43 kB)      Pedagogisk rapport barnehage (DOC, 39 kB)


Dersom du ønskjer å rådføre deg med ein av våre sakshandsamarar, ta kontakt med oss:

Pedagogisk Psykologisk Teneste
Besøksadresse: Idrettsvegen 87, 5430 Bremnes
Telefon: 53 42 33 30
Telefontider: 08.30 - 11.30 og 12.30 - 14.30 man-fre

Til toppen