Helsestasjon for ungdomHelsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for unge opp til 25 år. Me har ope kvar onsdag mellom kl. 16.00 – 18.00 (NB! Stengt når skulane har fri). Du treng ikkje bestille time og me har teieplikt.Kvar finn du oss?Du finn oss over vegen for Rådhuset, i Kyrkjegardsvegen 20 på Bremnes.Helsestasjon for ungdom Telefon: 53 42 33 37 Besøksadresse: Kyrkjegardsvegen 205430 Bremnes Postadresse: Leirdalen 15430 BremnesKva kan du få hjelp til?På helsestasjon for ungdom er det jordmor, helsesjukepleiar og lege tilstades.Me kan hjelpe til med vanleg legeundersøkjing på grunn av sjukdom, plager - t.d. sår hals, utslett, smerter og liknande, me kan tilvise deg til andre instansar i helsevesenet, teste for kjønnssjukdomar og eller du kan snakka med oss om emner som opptek deg som til dømes: PrevensjonsrettleiingProblem på skulen og heimeEr du trist eller einsamPsykisk helseSlanking og spiseforstyrringRus og rusmisbruk, både lovelege og ulovlegeMenstruasjonSeksualitetParforholdGraviditetVonde opplevingar, til dømes seksuell misbruk, vald, dødsfall/sjukdom, samlivsbrot eller konfliktar i familien Her er teamet vårt på helsestasjon for ungdom: Jordmor Kristin Hallson Send e-postHelsesjukepleiarBritt WestermoenSend e-postLegeAstrid Sist endra 08.12.2025 15:58