Førebyggjande tiltak barn og ungeEit lågterskeltilbod for familiar med barn og ungdom som bur på Bømlo.Er du bekymra for barnet ditt si utvikling?Strevar du i foreldre rolla? Ynskjer du råd for korleis det kan bli lettare?Ynskjer du hjelp til å kontakta andre i hjelpeapparatet - samarbeid med andre aktuelle tenesterFørebyggjande tiltak barn og unge er eit tverrfagleg team som tilbyr rettleiing og støtte til foreldre og barn med ulike typar utfordringar. Tilbodet hjå oss er gratis og frivilleg.Be om hjelpForeldre og ungdom kan sjølv ta kontakt med oss. Det er ikkje nødvendig med henvisning frå fastlege eller andre. Samarbeidspartnarar kan og formidla kontakt på vegne av familien eller ungdommen.Fyll ut skjema for hjelp frå førebyggjande tiltak barn og unge (PDF, 2 MB)Skjemaet sender du som brev til: Barne- og familietenestaFørebyggjande tiltak barn og ungeLeirdalen 15430 Bremnes Sist endra 15.01.2024 09:54