Førebyggjande team barn og ungeEit lågterskeltilbod for familiar med barn og ungdom som bur på Bømlo.Er du bekymra for utviklinga til barnet ditt?Strevar du i foreldre rolla? Ønskjer du råd for korleis det kan bli lettare?Ønskjer du hjelp til å kontakta andre i hjelpeapparatet - samarbeid med andre aktuelle tenester?Førebyggjande team barn og unge er eit tverrfagleg team som tilbyr rettleiing og oppfølgjing til foreldre og barn med ulike typar utfordringar. Tilbodet hjå oss er gratis og frivilleg.Be om hjelpForeldre og ungdom kan sjølv ta kontakt med oss. Det er ikkje naudsynt med henvisning frå fastlege eller andre. Samarbeidspartnarar kan og formidla kontakt med oss på vegne av familien eller ungdommen.Fyll ut skjema for hjelp frå Førebyggjande team barn og unge (PDF, 2 MB)Skjemaet sender du som brev til: Barne- og familietenestaFørebyggjande team barn og ungeLeirdalen 15430 Bremnes Dersom du har spørsmål om utfylling av skjema eller anna kring Førebyggjande team, ta kontakt med oss på telefon: 54 32 33 30 Susanna Heggland KommunepsykologSend epost Øivind JohnsenKommunepsykologSend epost Sist endra 24.10.2024 16:41