Ungdomskontakt

Som ungdomskontakt er me tilgjengeleg for alle ungdommar og foreldra deira fram til ein fyller 23 år. Me har fokus på ungdom som treng ekstra støtte i kvardagen, anten det gjeld utfordringar knytt til psykisk helse, skule eller rus. Tenesta er gratis og me har teieplikt.

Ungdomskontakt er eit tiltak knytt til skulefråvær. Dei som treng ungdomskontakt får støtte til å auka skulenærværet, trivsel og meistring, der ein siktar mot betre skuleprestasjonar og auka gjennomføring i vidaregåande skule. Eit tett samarbeid mellom ungdomskontakt, skule og heim er ei sjølvsagt når ungodomskontakt er inne som tiltak.

Me samarbeidar tett med alle barne- og ungdomsskulane i Bømlo kommune og har fast tid der me er ute på skulane, der elevane sjølv og eller lærarane kan ta kontakt med oss dersom dei har spørsmål.

Ungdomskontaktar

 

Marianne Undheim
Mobil: 975 976 18
send e-post til

 

Marianne Lidal
Mobil: 948 75 454
send e-post til

Har du spørsmål?

Marianne Undheim
ungdomskontakt/los
E-post
Telefon 97 59 76 18
Mobil 97 59 76 18
Til toppen