Ny arealdel under arbeid

Her kan du følgja og medverka til arbeidet vårt med ny arealdel.

Sjå film om KPA laga i forbindelse med oppstart i 2021

For at kommuneplanen sin arealdel (KPA) skal vera eit godt styringsdokument for utviklinga av kommunen vår, skal den fornyast med jamne mellomrom. Ein viktig del av dette arbeidet er at innbyggjarar, næringsdrivande og grunneigerar i kommunen får vera med å bidra under vegs i arbeidet.

Me skal informera om arbeidet med kommuneplanen via lokalavisa og på vår eiga nettsida. Me har også ansvar for å rettleia og formidla arbeidet på ein forståeleg måte for at du skal kunne kan granska dei vurderingane og prioriteringane som kommunen har gjort i prosessen.

Du kan uttala deg skriftleg i løpet av prosessen, ved oppstarten og under høyring og offentleg ettersyn av framlegg til plan. Skjer det større endringar etter dette skal framlegg til plan leggjast ut igjen.

Planen har vore på høyring fram til 01.05.2024. 

 

Høyringsdokument

Det er blitt laga ein eigen kartløysing for kommuneplanen, med tre kart, eit som er ein digital versjon av plankartet, eit som viser gjeldande KPA opp mot dette forslaget, og eit som viser innspela som det er gjennomført konsekvensutgreiing (KU) av og konsekvensen av KU-en .

Kartløysinga

 

Digital versjon av plankartet er også lagt inn på Fonnakart (trykk på knappen under for å komme inn). For å få opp kartlag trykk på knappen med kommunevåpen og “Kartlag”. Her ligg forslaget til ny KPA som dei to nederste, om du velger å skru på den heilt nederst kan du velge å skru av og på forskjellige lag i planen etter ønske.  Om du trykker i kartet vil du få opp ei liste på det som ligg på dette punktet til høyre for kartet.

Fonnakart

Høyringsdokumenta i PDF-format ligg her:

Andre relevante dokument

Til toppen