Utsetting, ettergjeving eller nedsetting av eigedomsskatt

Betalingsutsetting

Du kan søkja om å få ei kortvarig utsetting på betaling av eigedomsskatten. Ta kontakt med økonomiavdelinga på 481 34 864.

Ettergjeving eller nedsetting

Du kan søkja om å få nedsett eller ettergjeve eigedomsskatten dersom du har kome i ein spesiell og uventa situasjon som gjer at det er urimeleg å betale eigedomsskatten. Nedsetting eller ettergjeving kan berre gjevast dersom særlege grunnar gjer at det vil vera svært urimeleg å krevja søkjaren for eigedomsskatt. Dette kan til dømes vera dersom:

Du nylig har mista inntekt på grunn av alvorleg sjukdom eller ulukke og ikkje har moglegheit til å betala. Det vil seia at du ikkje har sparepengar eller anna formue å betala med.

  • Eigedomen plutseleg har mista verdi, til dømes etter ein brann.  

Søknaden om å få ettergjeve eigedomsskatt må innehalda:

  • Gards - bruks, feste - og seksjonsnummer til eigedomen. Dette står på eigedomsskattesetelen og fakturaen.
  • Kvifor du meiner det er urimeleg å betala heile eller delar av eigedomsskatten.
  • Siste skattemelding for å dokumentera inntekt og formue
  • Anna relevant dokumentasjon

Søk om ettergjeving eller nedsetting

Etter at du har søkt:

Det er formannskapet som handsamar søknadar om ettergjeving. Dersom du får ettergjeve eller nedsett eigedomsskatten, gjeld dette berre for eitt år. 

Til toppen