Grensejustering
Kommunen kan justera ei grense mellom to eigedomer ved grensejustering, dersom det gjeld overføring av små areal.
Hovudregel for grensejustering er:
- Ein eigedom kan få auka eller redusert arealet med inntil 5 %
- Maksimalt areal som kan bli grensejustert er 500 kvm, uavhengig av prosentdel
- Ingen eigedom kan gje frå seg meir enn 20 % av sitt areal før justeringa
- Verdien av arealet som blir justert kan ikke være høgare enn 1G (folketrygda sitt grunnbeløp)
Grensejustering kan bli gjort mellom alle type eigedom, og blir ikke tinglyst. Slike saker skal behandlast hjå kommunen ved oppmålingsforretning, og me registrerer dei nye grensene i matrikkelen.
Korleis søkje:
- Det er eigarane som kan søkje om grensejustering
- Partane må inngå avtale om justering av grensa
- Søknaden må innehalde kart som viser gamle og nye grenser
Søk om grensejustering
Lenke til kart
Les meir på kartverket sine sider
Arealoverføring
Dersom arealet som skal bli overført er for stort til at det kan bli gjort ved grensejustering, kan det bli overført ved arealoverføring. Arealoverføring kan berre skje mellom eigedom på same "nivå" i matrikkelen. Til dømes mellom to grunneigedomar.
Etter at du har søkt om arealoverføring og me i kommunen har gjeve løyve, vil oppmålingsavdelinga i kommunen halde ei oppmålingsforretning og føra dei nye grensene i matrikkelen. Kommunen vil også senda "melding til tinglysing" til Kartverket for å tinglysa arealoverføringa.
Treng du eit større tilleggsareal til eigedomen din må du søkja. Prosessen er i hovudsak den same som ved oppretting av ny eigedom. Du treng ikkje å skriva skøyte, men du må fylla ut skjema om erklæring av arealoverføring
Søk om tilleggsareal
Les meir på kartverket sine sider