Seksjonering

Seksjonering er å dela opp ein bygning i fleire eigarseksjoner, slik at fleire kan eiga kvar sin del av bygningen. Kvar eigarseksjon utgjer ein ideell sameigeandel  i eigedomen, med ein tilknytta einerett til bruk av ein bestemt brukseining i eigedomen.

Seksjonering vert brukt der ein eigedom utgjer fleire sjølvstendige eigareiningar som skal selgjast og pantsetjast kvar for seg, og der det ikkje er naturleg å dela eigedomen på vanleg måte ved ein delingsforretning. Typisk er leilighetsbygg i fleire etasjar, forretningsgardar eller ein blanding av forretning og leiligheter. Ein seksjonering kan bestå av to typar seksjonar: bustadseksjon og næringsseksjon.

Ved ei seksjonering vil det alltid vera eit fellesareal som alle seksjonseigarane har ein part i. Alle seksjonseigarane er samstundes ein del av eit sameiga.

Ein eigarandel kan omsetjast fritt. Det er berre eigedom med bygg på som kan seksjonerast. Ein bustadseksjon vert ofte omtala som ei sjølveigarleilighet. Ei endring av allereie seksjonerte eigedomar kallar me reseksjonering.

Les meir på kartverket sine sider

Les meir på regjeringa sine sider

 

Til toppen