Dispensasjon

Ønskjer du å byggja, riva, oppretta ny eigedom eller liknande i strid med plan- og bygningslova sine reglar, plangrunnlaget, byggjegrenser eller andre føresegner, kan du søkja om dispensasjon. Me har høve til å gje dispensasjon i særskilde tilfelle.  

 Kva er ein dispensasjon?

Dispensasjon er fråvik frå reglar som er fastsett i sjølve plan- og bygningslova eller i reglar som fastsett i medhald av lova. Dette kan til dømes vera fråvik frå vedtekne reguleringsføresegner, arealføremål eller byggjegrenser langs veg, sjø eller mot nabogrense. 

Det eksisterer ein arealplan for alle dei ulike eigedomane i kommunen vår. Det kan vera kommuneplanen sin arealdel eller ein eigen reguleringsplan som gjeld for din eigedom. Arealplanen viser korleis du kan nytta eigedomen din ved utbygging. Arealplanen er juridisk bindande.

Dersom du vil gjera noko som er i strid med reglane i arealplanen eller plan- og bygningslova må du søkja om dispensasjon.

Dispensasjon er unntaket

Alle arealplanar har vore gjennom ein omfattande politisk planprosess der offentlege og private, ulike interesse-organisasjonar og andre med særlege interesser har hatt høve til å ta del.

Ein plan skal vera føreseieleg slik at alle veit kva som gjeld for sitt område. Difor skal me berre gje dispensasjon unntaksvis. Det er viktig å hugsa på at ein dispensasjon ikkje endrar planen, men gir deg løyve til å fråvika planen i det konkrete tilfelle søknaden din gjeld.

Varig eller mellombels dispensasjon

Kommunen gje varig eller mellombels dispensasjon frå føresegner fastsett i eller i medhald av plan- og bygningslova, §19-2. Det kan setjast vilkår for dispensasjonen.

Dersom dispensasjonen berre er gjeve for ein gitt periode så må det utførte arbeidet fjernast når dispensasjonsperioden er utgått.

Kva skal til for å kunna få dispensasjon?

  • Me kan ikkje gje dispensasjon dersom omsyna bak føresegna det vert dispensert i frå, eller omsyna bak føresegna vert vesentleg sett til side.
  • I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vera klart større enn ulempene etter ein samla vurdering.
  • Ved vurderinga av om det skal gjevast dispensasjon frå planar skal statlege og regionale rammer og mål leggast særleg vekt på.

Slik søkjer du om dispensasjon

Du kan søkja sjølv, men me rådar til at søknad om dispensasjon går via fagfolk dersom du likevel elles skal nytta dei i søknadsprosessen.

  • Søknad om dispensasjon kan sendast inn i forkant eller saman med byggje- eller delingssøknaden.
  • Du må grunngje kvifor du meiner det kan gjevast dispensasjon i saka.
  • Ved utsending av nabovarsel må naboar og tverrbuarar varslast om at tiltaket gjeld dispensasjon.
  • Gjeld dispensasjonen avstand til kommunal veg så kan det søkjast om saman med byggjesøknaden. Dispensasjonssøknaden blir sendt på uttale til teknisk drift.
  • Gjeld dispensasjonen avstand til fylkesveg så skal den innhentast hos gjeldande vegmynde før du sender søknaden inn til oss.

Skjema for søknad om dispensasjon finn du her.  (PDF, 258 kB)

Her kan du søkja om dispensasjon dersom det gjeld avstand til riksveg eller fylkesveg.

Gebyr - dispensasjon
Kode Type søknad Pris
5.1 Søknad om dispensasjon som krev uttale frå anna mynde og handsamast i utval for areal og samferdsel. 15 499 kr
5.2 Søknad om dispensasjon frå føresegner, arealplan eller anna som ikkje krev offentleg høyring, men likevel avklaring i politisk utval. 6 326 kr
5.3 Søknad om bagatellmessig dispensasjon frå føresegner, arealplan eller anna som ikkje krev offentleg høyring, som kan handsamast administrativt. 3 796 kr
5.4 Søknad om dispensasjon som krev offentleg høyring, men som kan handsamast administrativt 9 489 kr
5.5 Mellombels dispensasjon 6 326 kr
Til toppen