Bruksendring

Ønskjer du å endra loft, bod eller kjellar til soverom, stove, kjøkken eller ei ny bueining? Då kan det henda du må søkja om bruksendring. 

Kva er ein bruksendring?

Bruksendring er å endra bruken av eit rom frå det som var tillat bruk frå før til ein ny og anna bruk. Bruksendring kan krevja søknad og løyve dersom du til dømes skal

  • endra eit rom frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt.
  • gjera endringar i bustaden din slik at det blir to separate einingar.
  • bruka heile eller deler av bustaden din til næringsverksemd.

​Bruksendring kan og gjelda fastsett arealføremål for eigedomen din. Det er føresegner i kommune- eller reguleringsplan som styrer kva du kan byggja. Ønskjer du å nytta arealet til noko anna enn det arealplanen seier eller det eigedomen er regulert til, må du søkja om dispensasjon, eventuelt endring i reguleringsplanen. Dette kan til dømes vera bruksendring frå bustadføremål til næringsføremål.

Du kan lese meir om dispensasjon her 

Sjekk om du må søkja om bruksendring

På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekka om du treng å søkja

Gjeld bruksendringa bustad som er bygd før 01.07.2011, sjå her

Kven kan søkja om bruksendring?

Du kan søkja sjølv dersom

  • du endrar bruk frå tilleggsdel til hovuddel (eller omvendt) innanfor same branncelle utan at du må gjera større arbeid som å endra på berande konstruksjon.
  • du slår saman fleire bueiningar.

Dersom søknaden din gjeld det fyrste punktet så har Direktoratet for byggkvalitet laga eit forenkla skjema som du kan nytte deg av. Du finn det forenkla skjema ved søknad om bruksendring her. 

Du må senda inn søknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • du skal laga ein ny bueining/leilegheit eller sekundærleilegheit, til dømes ein utleigeleilegheit.
  • du skal nytta bygget eller deler av det til noko anna enn det du gjer i dag. Til dømes frå næringsbygg til bustad.
  • du skal endra på berande veggar eller golv.
  • du ynskjer å få godkjent ein eksisterande utleigedel som ein sjølvstendig bueining etter plan- og bygningslova.

Må du varsla nabo eller tverrbuar?

Du treng ikkje varsla naboen eller tverrbuaren ved innvendig arbeid. Dersom du gjer endringar på fasaden eller andre ytre arbeid som kan påverka naboen eller tverrbuaren din må du varsla.

Er det feil opplysningar i eigedomsregisteret?

Me brukar alltid opplysningane som ligg i matrikkelen (Norges offisielle register over fast eigedom, det vil seia bygningar, bustader og adresser).

Dersom me har registrert noko i matrikkelen om bygningen eller eigedomen din, som du meiner er feil så kan du senda inn brev eller e-post til oss om dette.

Postadresse: Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes

E-post: Postmottak@bomlo.kommune.no

Når du sender inn til oss er det viktig at du opplyser om:

  • Gards- og bruksnummer og/eller adresse for gjeldande eigedom
  • Du må kunna dokumentera feilen med tidlegare gitt løyve og godkjende teikningar.
  • Legg gjerne med eit telefonnummer som me kan nå deg på.
Til toppen