Naustreglar i Bømlo Kommune

I kommuneplanen sitt arealkart er det sett av eigne areal til føremålet naust og det er laga eigne reglar som styrer korleis områda, bygningar og anlegg kan byggjast

Bømlo kommune har definert naust som: 

  • Eit bygg for lagring/oppbevaring av båtar og ulike fiskerireiskap
  • Eit bygg for maritim rekreasjon.
  • Det kan etter søknad godkjennast toalett og dusj i naustet, der maksimal storleik på våtrommet er på 4 m².
  • Det er i tillegg lov å isolere naustet og det er lov til å ha sløyebenk og vask.

Kommuneplan for Bømlo 2013-2025 har følgjande føresegner som gjeld for naustområda:

Under punkt 4.4 Reglar for område sett av til naustføremål

  • §4.4.1 Innafor føremålet sett av til naust kan det byggjast naust, landfast flytebryggje m/landgang, utliggar og kai. Naust og tilhøyrande kai kan ikkje byggjast lengre ut enn 3 m frå kystkonturen. Flytebryggja kjem i tillegg til dette og kan ha maks storleik på inntil 15 m² og maks breidde 2,5 m. Den skal ikkje hindre fri ferdsel.
  • §4.4.2 Naust definerer me som eit bygg for lagring/oppbevaring av båtar og ulike fiskereiskap samt eit bygg til bruk for Maritim rekreasjon.
  • §4.4.3 Maksimalt tillat bruksareal er 40 m² (BRA) og maksimal mønehøgd er 5 meter målt frå ferdig golv.
  • §4.4.4 Taket skal utformast som saltak, med takvinkel mellom 40-45 grader. Takutstikk skal vera knappe. Taktekking skal vera som for tradisjonelle naust.
  • §4.4.5 Vindauge skal vera ståande (høge) utan store glasflater og utgjera maksimalt 3 % av den totale veggflata på naustet.
  • §4.4.6 Terrasse, balkong, ark, karnapp, rekkverk, levegg, grillhus, anneks, uthus er ikkje tillat i naustområde. Det same gjeld trapper påbygd utvendig fasade.
  • §4.4.7 Det kan godkjennast toalett og dusj. Maksimal størrelse på våtrom er 4 m²
  • §4.4.8 Isolasjon er tillat.
  • §4.4.9 Sløyebenk og vask er tillat.
  • §4.4.10 Det må dokumenteras rett til bilparkering før frådeling - eller før godkjenning av byggjeløyve på tidlegare frådelt tomt.

Under punkt 3.5 Avstand til sjø

  • §3.5.1 Alle tiltak i 100-metersbeltet må ha godkjent byggjeløyve.
  • §3.5.6 For arbeid og tiltak i nye og eksisterande naustområde, samt frådeling til slike føremål, følgjer byggjegrensa langs sjø føremålsgrensa for naustområde.

Under punkt 3.1 Krav til detaljregulering

  • §3.1.3 I eksisterande naustområde skal det utarbeidast detaljplan før utbygging av område der det er plass til meir enn 4 naust i rekkje.

Under punkt 3.3 Utforming og estetikk

  • §3.3.1 Byggjetiltak som i nærmiljøet klart avvik frå eksisterande byggeskikk er ikkje tillat. Byggjetiltak i strandsona skal ha eit maritimt uttrykk. I den grad regelen får intern konflikt skal det siste punktet vektleggjast.
  • §3.3.2 Nye tiltak skal plasserast og utformast slik at den underordnar seg terrenget. Skjeringar og fyllingar skal opparbeidast mot eksisterande terreng til eit naturleg uttrykk og skal ferdigstillast fullstendig.
  • §3.3.3 Nye tiltak skal ikkje ta i bruk meir av strandlina enn det som er naudsynt for å få gjennomført tiltaket. Sprenging, graving, utfylling og bygging i strandsona skal utførast skånsamt.
  • §3.3.4 I nye naustområde skal det etablerast felles løysingar for småbåtanlegg. I eksisterande naustområde kan det opnast for enkeltbryggjer der det ikkje er rom for fellesløysingar.
Til toppen