Me deler elementskorsteinar inn i tre hovudtypar:
- sementbaserte skorsteinar
- keramiske skorsteinar
- stålskorsteinar
Desse tre hovudtypane kan igjen delast inn i einsjikts-, tosjikts-, tresjikts og firesjikts skorsteinar.
Det er materialet i røykkanalen som seier oss kva hovudgruppe skorsteinen høyrer til.
Tresjikts element skorsteinar er den mest vanlege i dag. Denne typen elementskorstein er bygd opp av eit ytterelement, isolasjonsjikt og sjølve røykkanalen. Det er røykkanalen ein stiller krav til når det gjeld tettleik og bestandigheit. Dei to andre sjikta har andre funksjoner.
Alle sjikta i ein elementskorstein har bestemte oppgåver. Det er irfor viktig at dimensjonering og monteringsvegleiingar for skorstein og eldstad blir følgd.
Avstandskrav for elementskorsteinar
Monteringsveiledninga til typegodkjente elementskorsteinar viser korleis dei ulike elementskorsteinane skal monterast.
Elementskorsteinar er godkjente i oppstillingsklasse 2 og 3