Viss du ønsker å gjennomføra eit tiltak i strid med gjeldande reguleringsplan som ikkje let seg løysa gjennom dispensasjon, må du endra reguleringsplanen.
Det er to måter å gjera dette på. Kva framgangsmåte som er høveleg blir vurdert etter skjønn, men det er visse føringar, jf. plan- og bygningslova § 12-14.
Endring av reguleringsplan
Hovudregelen er at utfylling, endring og oppheving av reguleringsplan skal gå gjennom same prosess som ein ny reguleringsplan. Dette er fordi dei rammene det blei samde om i planprosessen skal gjelda, og endringar må gjennom ny høyring og offentleg ettersyn sånn at den tidlegare prosessen ikkje blir tilsidesett.
Mindre endring av reguleringsplan
Når endringa i liten grad vil påverka gjennomføringa av planen, ikkje går utover hovudrammene i planen, og heller ikkje røyrer ved omsynet til viktige natur- og friluftsområde, kan reguleringsplanen endrast med enklare behandling.
Då blir saka lagt fram for relevante offentlege mynde, grunneigarar, naboar og tverrbuar som får høve til å uttala seg, vanlegvis med fire vekers frist. Blir endringa godteke av partane utan vesentlege innvendingar kan saka behandlast politisk. Vedtaket blir til slutt lagt fram for dei som vedtaket røyrer ved med tre vekers klagefrist før endringa blir rettskraftig.