Når du ser kunngjeringa, eller mottar varsel om oppstart har planen blitt vurdert av tiltakshavar (den som eig planen), deiras fagkunnige planleggjar, og kommunen sin administrasjon og eit politisk utval.
Likevel blir ikkje alltid alle relevante omsyn fanga opp, og ein god planprosess er ofte avhengig av innspel frå grunneigerar, naboar eller andre med generell eller spesiell interesse i utviklinga i eit område. Det er i oppstarten du har best sjanse for å påverka planen.
Derfor, viss du meiner at varselet om oppstart manglar noko, eller veit om noko som vil ha verknad på planen, så skriv det inn til planleggjaren innan fristen som blir gjeve. Fristen er vanlegvis seks veker. Planleggjar er då plikta til å ta stilling til merknaden, og kommentera korleis den er ivareteke i framlegg til plan.
Merk at oppstartsvarselet ber preg av at prosessen er i idefasen, og det vil ikkje alltid komma fram særleg mykje detaljar.