Opplysningar om eigedomen din.Det er mange ulike opplysningar knytt til fast eigedom. Nedanfor kan du lesa litt om nokre av dei. Opplysningar frå matrikkelen Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom, og omfattar mellom anna bygningar, bustader/brukseiningar, fysiske adresser og eigedomar med eigedomsgrenser. Matrikkelen inneheld ei rekkje opplysningar som er nødvendige for planlegging, utbygging, statistikk, bruk og vern av fast eigedom. Her kan du finne informasjon om eigedomen din i matrikkelen Her kan du lesa meir om matrikkelen på kartverket sine nettsider. Opplysningar frå grunnboka Grunnboka er det nasjonale registeret over alle tinglyste rettar og hefte i fast eigedom og burettslagsandelar. Grunnboka inneheld ei rekkje opplysningar som er nødvendige for planlegging, utbygging, statistikk, bruk og vern av fast eigedom. Vis grunnboka Oppgje matrikkelnummer (kommunenummer - gardsnummer - bruksnummer - seksjonsnummer - festenummer) velg vis grunnboka logg inn med elektronisk ID. Opplysningar om eigedomsgrenser Du kan kontrollera opplysningar om registrerte eigedomsgrenser i kartløysingane Sjå eigedom eller Fonnakart Du kan sjå kva eigedomsgrenser som er registrert for eigedomen din. Hugs at kartet inneheld grenser med både god og dårleg kvalitet. Enkelte av grenselinjene må du rekna som skisser - dei kan væra fleire meter feil. Oversikt over ulike dokument du kan lesa for å finne ut kor eigedomsgrensa di går: matrikkelbrev målebrev skyldskifte eller skyddelingforretningar utskiftningsforretning eller jordskiftesak rettsdokument - forlik Har du oppdaga feil? Opplysningar om bygg Du kan kontrollera opplysningar om bygning i kartløysinga Sjå eigedom Matrikkelen viser alle bygningar som er registrert på ein eigedom. I "Seeiendom" ser du mellom anna informasjon om bygningstype og godkjent status for bygningar. Har du oppdaga feil? Opplysningar om adresser Du kan kontrollera opplysningar om adresse i kartløysinga: Sjå eigedom Matrikkelen inneheld opplysningar om offisielle adresser. Bygningar som blir brukt til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd, offentleg eller publikumsretta verksemd skal kommunen gje ei vegadresse. Adressa skal saman med kart og skilt hjelpa mellom annna utrykningkjøretøy i finna fram. Her kan du lese meir om offisielle adresser på kartverket sine nettsider. Har du oppdaga feil? Opplysningar om arealplanar Du kan finna opplysningar om arealplanar i denne kartløysinga zoom eller scroll i kartet til ynskja posisjon søk på adresse, stad eller eigedom sett på ønska kartlag - til dømes reguleringsplanar eller kommuneplan Opplysningar i kartløysningar Det finnes eit hav av kartløysingar på nettet som inneheld opplysningar som har betydning for eigedomen din. Eit døme på eit slikt kart er: Miljøstatus kartet som gjev deg kvalitetssikra offentleg miljøinformasjon med omlag 200 karttema frå mange dataleverandørar. Du finn enkelt geografisk plassering og detaljert informasjon om: radon flaum artar og naturområder kulturminner forureining støy og mykje anna i heile Noreg, inkludert Svalbard. Du kan elles testa ut nokre av karta du finn på denne sida og finna mange ulike opplysningar om eigedomen din. Opplysningar hos Arkivverket Du kan finna gamle digitaliserte dokument om eigedomen din hos arkivverket. Arkiva inneheld mange opplysningar om fast eigedom. Mykje kan du sjølv finna fram til ved hjelp av deira sjølvbetente løysningar. Sist endra 16.01.2021 07:00