Korleis klagar du på eigedomsskatten
Klage vedkomande fastsett eigedomsskatt kan fremjast kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
I klagen må du oppgje eigedomens gards-/bruks-/feste/seksjonsnummer (som du finn på skattesetelen), og gjera greie for kva du meiner er feil i eigedomsskatten for eigedomen.
Klagefrist
Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå takstane vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Klagefrist for 2025 er 12. april 2025.
Klagen må sendast til
Bømlo kommune
Leirdalen 1
5430 Bremnes
eller via klageskjema
Eigedomsskatten må betalast til forfall sjølv om det er sendt inn klage. Dersom klagen blir teken til følgje vil eventuelt for mykje innbetalt eigedomsskatt bli betalt tilbake.
Klagehandsaminga
Eventuell klage vert i første omgang handsama av sakkunnig takstnemnd. Dersom sakkunnig takstnemnd gir klagar medhald, skjer slutthandsaminga her.
Dersom klagen vert teke delvis til følgje, vil klagen med saksvedlegg bli oversendt til sakkunnig klagenemnd, og klaga vil få eit nytt vedtak med frist på tre veker. I klager som ikkje får medhald vert klagen sendt direkte til handsaming i sakkunnig klagenemnd. Klagenemnda si avgjersle er endeleg og kan ikkje påklagast.