Dispensasjon er unntaket
Alle arealplanar har vore gjennom ein omfattande politisk planprosess der offentlege og private, ulike interesse-organisasjonar og andre med særlege interesser har hatt høve til å ta del.
Ein plan skal vera føreseieleg slik at alle veit kva som gjeld for sitt område. Difor skal me berre gje dispensasjon unntaksvis. Det er viktig å hugsa på at ein dispensasjon ikkje endrar planen, men gir deg løyve til å fråvika planen i det konkrete tilfelle søknaden din gjeld.