Kva er eit naust?
Kommuneplanen for Bømlo seier dette: ” Naust definerer me som eit bygg for lagring/oppbevaring av båtar og ulike fiskereiskap samt eit bygg til bruk for Maritim rekreasjon»
Føresegnene til kommuneplanen opnar for at det kan gjevast løyve til toalett og dusj, isolasjon, vask og sløyebenk i naustet.
Overnatting:
Naust som blir nytta til overnatting og som er innreidde som bustad/fritidsbustad, kjem ikkje inn under dette naustomgrepet. Dersom du har fått løyve til å byggja naust kan du såleis ikkje innreia og ta naustet i bruk som fritidsbustad.
Miljøverndepartementet har i ei fråsegn frå 2006 sagt: ”Innredning av et båthus eller en sjøbod med kjøkken, bad og soverom vil etter departementets vurdering innebære en bruksendring.”
Når nokon har fått løyve til å byggja eit naust, er det nettopp ein stad for oppbevaring av båt og båtutstyr og inga hytte dei har fått lov til å byggja. Grunnen til at det er gjeve løyve til eit naust og ikkje ei hytte, er ofte at folk flest skal ha tilgang til den strandsona som naustet er omringa av. Dersom naustet vert brukt som uthus/lagerbygning, vil ikkje ålmenta sin rett til ferdsle rundt naustet bli forhindra.
I tillegg er det andre krav til brannsikring og rømingsvegar med vidare i eit naust enn i ei hytte. Overnatting i rom utan tilstrekkeleg rømingsvegar med brennbar propan og drivstoff i etasjen under er svært uheldig.