Kva er ein førehandskonferanse?
Ein førhandskonferanse er eit formalisert møte mellom deg som tiltakshavar og oss, sakshandsamar i kommunen. (tiltakshavar = byggherre/du som skal byggja)
I møtet vil me prøva å avklara og drøfta føresetnadane for eigedomen din i høve til det du ynskjer å gjera. Førehandskonferansen skal sikra at du får den informasjonen du treng tidlegast råd.
Kva tid bør du be om førehandskonferanse?
- mest hensiktsmessig når det er behov for planavklaringar eller når det skal planleggjast større byggjeprosjekt
Alternativt kan du få ein uformell orientering via tenestene me tilbyr i teknisk kundetorg og elles på nettsida vår med ulike rettleiarar og kart.
Av og til vil kommunen sjølv be om førehandskonferanse med deg. Dette kan vera om me meinar det er naudsynt å avklara tilhøve i god tid før søknaden vert sendt inn.
Når me har mottatt di bestilling av førehandskonferanse, vil du bli kontakta av oss innan to veker med forslag til møtetidspunkt. Skal du nytta deg av eit ansvarleg føretak, tilrår me at dei er med på førehandskonferansen.
- gards- og bruksnummer eller adresse på eigedomen det gjeld
- kva vil du byggja (til dømes veg, teknisk anlegg, bustad )
- kva går tiltaket ut på (til dømes frittliggjande bygg, tilbygg, påbygg, endring av bygg, riving med vidare)
- opplysningar om høgde, lengde og breidde, og ei skildring av tiltaket
- teikningar/ skisser som viser tiltaket og eit kartutsnitt som viser nokolunde plassering av tiltaket på eigedomen
- det bør og gjerast greie for om du treng dispensasjon
- spørsmåla som du ynskjer å drøfta må opplysast om i bestillinga
- opplysningar om ansvarleg føretak dersom dette er avklart
- gjeldande arealplan
- infrastruktur
- aktuelle lovverk og mynde
- særskilte dokumentasjonskrav
- sakstype og handsamingtid
- behov for dispensasjonsavklaring og handsamingstid
- behov for detaljreguleringsplan
Førehandskonferanse må ikkje forvekslast med sakshandsaming. Me tek ikkje avgjerdsle som er bindande i førehandskonferansen. Til dømes tek me ikkje avgjerd på om dispensasjon kan gjevast, men me kan gje opplysningar om det er behov for å søkja dispensasjon, og i så fall kva reglar som gjeld for dispensasjonen.
Meir informasjon om føresegnene om førehandskonferanse finn du i plan- og bygningslova § 21-1 og byggjesaksføreskrifta (SAK10) § 6-1 med rettleiing.
Treng du kanskje berre ein søknadspakke? Informasjon om søknadspakke finn du her
Eller er du framleis i tenkjeboksen? Då rådar me at du nyttar deg av direktoratet for byggkvalitet sine rettleiarar.