BekymringsmeldingEr du bekymra for din eigen eller andre sin branntryggleik. Her kan du melda frå til brannvesenet om kritikkverdige tilhøve som vedkjem branntryggleiken. Kva kan eg melda frå om? Når brannvesenet snakkar om bekymringsfulle tilhøve så meiner me tilhøve som potensielt kan føra til brann. Dette kan vera: At nokon ikkje klarer å ivareta eigen branntryggleik, eller utgjer ein fare for andre. Hindring av rømingsvegar. Brann- og byggtekniske manglar. Tilhøve som hindrar at brannbilen kjem fram. Oppbevaring av gass. Dårlege eller feil på elektriske anlegg. Ulovleg bruk av bygg. Les meir om bekymringsmelding på branntips.noMeld om ei bekymringBranntips.no er ei ny nasjonal nettside kor du kan melda i frå til brannvesenet dersom du er bekymra for ein situasjon. Meldinga går til Bømlo brann og redning. Meld ei bekymringAlle meldingar vert behandla anonymt. Sist endra 18.01.2024 09:52