Alle veljarar som har røysterett og som er busette i Noreg står i manntalet i den kommunen dei var registrert busett i per 30.06.2023 Har du flytta etter denne datoen, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn
Dersom du meinar at du eller nokon annan er uriktig innført eller utelaten frå manntalet kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vera skriftleg og sendast til
Dette er krava du må ha for å kunne røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023
* Har fylt 18 år innan utgangen av 2023
* Norsk statsborgar
- I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgarar, men som fyller vilkåra i vallova §2-1, røysterett dersom dei:
- har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra før valdagen, eller
- er statsborgar i ein anna nordisk land og er blitt folkeregistrert som busett i Noreg seinast 30. juni valåret.
Bur du i utlandet
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert busett då du flytta frå Noreg.
Har du ikkje vert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om innføring i manntalet.
Kontakt
Valansvarleg Jorunn Alise Steinsvåg
Mobil: 959 02 246
Send e-post: jorunn.steinsvaag@bomlo.kommune.no
Det vil også vera mogeleg å søkja om innføring i manntalet når du røyster. Det gjeld både ved førehandsrøystinga og på valdagane.