Open talarstol (spørjetimen)

I Bømlo har du rett til å få stilla spørsmål i forkant av kommunestyremøta, noko me har kalla Open talarstol (spørjetimen). Kravet er at du har meldt inn spørsmålet innan kl. 12.00 dagen før møtet.

Her finn du skjema til Open talarstol/Spørjetimen

eller

Spørsmålet merka "Open talarstol" sender du til postmottak@bomlo.kommune.no

Alle personar som er busette i kommunen kan stilla spørsmål til ordføraren, kommunestyret eller einskildmedlem av kommunestyret. Spørsmåla må gjelda kommunale forhold og være av ålmen interesse for kommunen sine innbyggjarar. Open talarstol er eit verkemiddel for å styrkja interessa for lokaldemokratiet. 

Fullstendig reglement for Offentleg spørjetid i Bømlo kommune  (PDF, 62 kB)

Til toppen