Skulebruksplanen 2025

Skulebruksplanen 2025 får grunna knapp tidsplan og ynskje om å få snarleg effekt ein enklare planprosess enn ved forrige skulebruksplan frå 2022. Planen vil likevel stetta krav til planarbeid og høyring. Det er kommunen sin pressa økonomiske situasjon og demografiutvikling som ligg til grunn.

Kommunestyret  vedtok i juni under budsjettrevisjon for 1. halvår 2024 at kommunedirektøren får mandat til å setje i gong ein prosess tidleg hausten 2024 for å greie ut aktuelle endringar i skulestruktur. Kommunedirektøren har no sett i gang arbeidet med ny skulebruksplan og revisjon av lokal forskrift om skulekrinsgrenser. 

Gje dine innspel

Send høyringssvar til e-post/brev til Bømlo kommune innan 15. november

E-post: postmottak@bomlo.kommune.no

Postadresse: Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes Merk: “Høyring skulebruksplan 2025”

Offentlege høyringar - digitalt svarskjema 

Sjå også budsjett, velferdsplan og årsmeldingar

25. juni - Oppstart av ny skulebruksplan

Sist skulebruksplan vart utarbeidd i 2021 og handsama politisk våren 2022. Med utgangspunkt i førre plan vil det vere mogleg å oppdatere talgrunnlag og vurderingar i løpet av hausten 2024, slik at dette vert eit beslutningsgrunnlag i budsjettprosessen. Planen skal endeleg handsamast i kommunestyret 2. desember 2024.

Sjå artikkel: Oppstart av ny skulebruksplan

 

 

25.06.2024 08:26

3. september - Orientering i utval for levekår

Tysdag 3. september orienterte kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer Utval for levekår om arbeidet og tidsplan for ny skulebruksplan.

Sjå artikkel: Skulebruksplanen på dagsorden

Sjå Power point-presentasjon synt i Utval for levekår 3.9.2024 (PDF, 938 kB)

 

03.09.2024 08:35

1. oktober - Løypemelding om arbeidet i styringsgruppa - Utval for levekår

Informasjon om planarbeidet i utval for levekår. Kommunedirektøren sitt framlegg.

 

04.09.2024 08:57

3. oktober - Fellesmøte i kommunestyresalen

Stort felles informasjonsmøte i kommunestyresalen torsdag 3. oktober kl. 20.00.

Formannskapet vert orientert same føremiddag.

04.09.2024 09:00

12. og 14. november - Informasjon om prosessen i politiske utval

12. november: Informasjon prosessen og om høyringsinnspel i utval for levekår 12.11.2024

14. november: Informasjon prosessen og om høyringsinnspel i formannskapet 15.11.2024

04.09.2024 09:08

15. november - Høyringsfrist

Fristen for høyringsrunden av skulebruksplan 2024 går ut 15. november.

04.09.2024 09:09

22. november - Saksførelegg vert sendt politikarane

22.11: Saksførelegg vert sendt ut til politikarane

04.09.2024 09:10

2. desember - Vedtak i kommunestyret

Kommunestyret gjer endeleg vedtak om skulebruksplanen 2024 måndag 2. desember

Sjå møteinnkalling til kommunestyremøte 02.12.2024

Sjå direktesending kommunestyremøte 02.12.2024

04.09.2024 09:12
Til toppen