Bømlo ungdomsråd

Bømlo ungdomsråd har medlemmar frå ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane på Bømlo. Ungdomsrådet skal få sei si meining om alt som er viktig for born og unge og har uttalerett i kommunestyret.

ung jente ved bord - Klikk for stort bileteAlis Natterøy er leiar for Bømlo ungdomsråd 2024-2025. Simon Knutsson Sortland

Leiar i Bømlo ungdomsråd 2024-2025 er Alis Natterøy.

Har du spørsmål eller innspel kan du også senda e-post til ungdomsradet@bomlo.kommune.no

Følg gjerne Bømlo ungdomsråd sin instagramkonto eller på Facebook

gruppe ungdomar føre kuntsvevd teppe - Klikk for stort bileteFaste medlemar og varamedlemar i Bømlo ungdomsråd 2024-2025: Fremst leiar Alis Natterøy og nestleiar Bjarte Tjensvoll Notland. Vidare i tilfeldig rekkjefølgje: Nora Mæland, Anna Fjelland Hovland, Ingeborg Ervik Strand, Julia Eidesvik, Selma Dørheim, Lilja Halvorsen, Ellie Gausel, Emma Demic, Michelle Innvær, Askel Ersland Lindskog, Vigdis Mæland, Adele Lovise Navikauskas, Eline Vold, Daniel Stavland Lønning, Andrea Torkelsen og Thea Ingvaldsen. Simon Knutsson Sortlamd

Føremålet med ungdomsrådet er mellom anna:

  • Å fremja ungdommane (8 kl. - 19 år) sine interesser i deira nærmiljø
  • Å styrkja og hjelpa born overfor beslutningsprosessane i kommunen
  • Å vera høyringsorgan i kommunen i dei saker som vedkjem dei unge

Rådgjevar for folkehelse og frivilligheit er koordinator for rådet og ordførar/varaordførar politisk mentor.

Koordinator for Bømlo ungdomsråd:
Johanne Kristiansen
Rådgjevar folkehelse og frivilligheit
Tel.: 453 82 642
Send e-post

Møtekalender og utvalsmedlemer

Reglement for Bømlo ungdomsråd (PDF, 244 kB)

Ungdom ved roret

Sidan 2021 har ungdomsrådet hatt ei sentral rolle i Ungdom ved roret. I prosjektet testar me mellom anna ut ein alternativ organisering av ungdomsrådet i Bømlo med oppstartssamling og prosjektbasert arbeid. Eit ungdomsrådsstyre møtast om lag ein gong kvar månad.

Ein viktig del av dette arbeidet er oppstartsamlingane, som me har hatt saman med Ungdommens kommunestyre på Askøy. Også i 2024 har me fått tildelt midlar gjennom Erasmus+Ungdom til å arrangera samlinga for til saman 80 ungdommar i frå Bømlo og Askøy. 

Sjå YouTube videoen

Her skal me jobba med opplæring av råda, tema som interesserer ungdommane og bestemme kva tema Bømlo ungdomsråd særleg skal jobbe med i skuleåret 2024-2025. 

Søknad Ungdom ved roret (PDF, 7 MB)

Oppsummering oppstartssamling ungdomsrådet 21-22 (PDF, 5 MB)

Oppsummering og evaluering av arbeidet med program for folkehelsearbeid 2021-22

Oppsummering oppstartssamling ungdomsrådet 22-23 (PDF, 8 MB)

Rapport frå Unges mulighet til å medvirke: En samskapt studie av ungdoms deltagelse og engasjement i norske kommuner der Bømlo var ein av case-kommunene

Brev til Kjersti Toppe med innspel om tilskotsordning til oppstartsseminar til norske ungdomsråd (PDF, 140 kB)

Ungdom ved inngang til hotell - Klikk for stort bilete40 ungdom frå Bømlo deltok på oppstartsseminar i september 2022 Lene Borgen Waage

Mostrating for unge

I samband med den store jubileumsfeiringa på Moster i juni 2024 var også Bømlo ungdomsråd aktiv med på feiringa.

Saman med Moster 2024 inviterte me til Mostrating for unge, kor representantar i frå heile Noreg fekk vera med på ei flott helg på Bømlo kor hovudarbeidet var utarbeidinga av eit dokument over dei viktigaste verdiane for framtida - sett i frå ungdommane sin ståstad. og Verdisamtalen/spørjetimen saman med politikarar i frå regjering, Storting, Sametinget og Fylkestinget. 

Det blei båttur med samtale med kronprinsparet, høgtideleg mottaking på kaien med bla. Stortingspresident, Fylkesordførar, hovudkomiteen til Moster 2024 og ei rekkje biskopar og andre viktige personar. 

Mostrating for unge 2024 - Klikk for stort bileteBjarte og Inger Christin Moster 2024

På sjølve Mostratinget for unge, der det utarbeidde verdidokumentet blei presentert for ulike politikarar og tid til å stilla ei rekkje spørsmål til desse. 

Ungdomserklæring Mostratinget for unge (PDF, 657 kB)

Mostrating for unge 2024 Johanne Kristiansen
Til toppen