Jobbe i Bømlo kommuneLedige stillingar Ledige interne stillingar Medarbeidar i Bømlo kommune Medarbeidarskap handlar om korleis me møter våre kollegaer, vår arbeidsgjevar og våre arbeidsoppgåver. Alle er ein medarbeidar og jobbar etter våre felles verdiar. Me deler av vår kunnskap og erfaring, er støttande, inkluderande og profesjonell. Me nyter tillit i organisasjonen, er fleksible, ser moglegheiter, bidrar med humør og framsnakkar kollegaer og arbeidsgjevar.Arbeidsreglement i Bømlo kommune (PDF, 180 kB)Lønspolitisk plan (PDF, 317 kB)Etiske retningslinjer for tilsette og folkevalde i Bømlo kommune (PDF, 239 kB) Leiar i Bømlo kommune Me leiar på bakgrunn av felles verdiar. Som leiar i Bømlo kommune skal me oppnå resultat saman med sjølvstendige, aktive og kompetente medarbeidarar. Som leiar jobbar me for eit meistringsorientert klima der ein har samarbeid og utveksling av tankar og idear. Leiar legg vekt på den enkelte og organisasjonen si læring og utvikling. Leiar gir tillit og støtte og oppmuntrar til at medarbeidarane tek i bruk sin kompetanse på ein slik måte at ein meistrar oppgåvene sine. Mål om heiltid Bømlo kommune jobbar med heiltidskultur og har som mål at alle som ynskjer 100% stilling skal få det. Pensjon (KLP og SPK) Offentleg tenestepensjon er av dei beste ordningane i Norge. Tilsette i Bømlo kommune har anten sin pensjon via KLP eller via Statens pensjonskasse (SPK) (pedagogisk personale). Kvar månad blir du trekt 2% av løna di som går til pensjonssparing, samstundes som Bømlo kommune sparar mellom 15% og 20% for deg, kvar månad.Les meir om offentleg tenestepensjon i KLP Les meir om offentleg tenestepensjon i SPKMedan ein i privat sektor har ulike pensjonsvilkår avhengig av kvar ein jobbar har alle tilsette i Bømlo kommune rett på offentleg tenestepensjon, samt uføre- og etterlatnepensjon. Offentleg tenestepensjon blir utbetalt frå du går av og livet ut.1. januar 2020 vart offentleg tenestepensjon endra for dei som er født i 1963 eller seinare.Finn ut kva ordning som gjeld for ditt alderssegment Forsikring Tilsette i Bømlo kommune har gruppeliv-, yrkesskade- og ulykkesforsikring fritid i tillegg til forsikring på tenestereiser.For å sjekka våre forsikringar må du logga deg inn via Compilo (kvalitetssystemet). Visjon – slagord og verdiar Visjon: Berekraftige Bømlo Slagord: Driftige folk i vakker natur Verdiar: Raus – modig – engasjert Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til gjennom samarbeid internt og samskaping eksternt Bømlo kommune som arbeidsgjevar Som arbeidsgjevar, tenesteleverandør og samfunnsaktør er det viktig at Bømlo kommune lykkast i å rekruttera, utvikla og behalda kvalifiserte medarbeidarar som skal levera gode tenester. I 2015 vedtok FN 17 berekraftmål som skal nåast innan 2030. For å nå desse måla må Bømlo integrera dei i lokale planar og det må vera med på å styra våre avgjerder; frå overordna planar til daglege gjeremål og oppgåver. Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) synleggjer dette. KPS er eit overordna og langsiktig styringsdokument, som skal leggja til rette for ønska samfunnsutvikling, arealforvaltning og tenesteproduksjon fram mot 2049. Arbeidsgjevarpolitikk i Bømlo kommune (PDF, 2 MB) Arbeidsgjevarutfordringar Hovudutfordringa vil vera å rekruttera, utvikla og behalde tilstrekkeleg kvalifisert kompetanse til å levere gode tenester og auke vår evne til innovasjon. Innovasjon betyr å komma på og realisera nye løysingar som er verdifulle for dei oppgåvene me skal løysa. Dette krev involvering av alle tilsette. Tre områder me må lykkast på er medarbeidardriven innovasjon, samskaping og digitalisering. Sunnhordlandsfilmen 2022- sjå kva regionen har å by påVil du bli lærling? Sjekk her:Lærling i helsefag promofilm 2021 Sist endra 14.08.2024 12:32