Rådhuskaffi med ordføraren

Ordførar Morten Helland inviterer igjen til kaffi og noko å bita i fredag 25. oktober på Rådhuskaffi.

Dato
25. oktober 2024
Tid
13:00 - 15:00
Stad
Kommunestyresalen - Rådhuset

- Det har stor verdi i å møtast og kunne snakkast i lag då dette skapar open og god dialog. Innbyggjarane er opptekne av mange ting, og å kunne setje oss ned i to timar i fred og ro i kommunestyresalen har me god tru på, seier ordføraren.

Både ordførar og varaordførar set pris på desse møta med innbyggjarane, der ein møtest andlet til andlet og kan få snakka i fred og ro.  Alle som har noko på hjarta, spørsmål om lokalpolitikk eller kommunen generelt er velkomen.

Arrangør

Bømlo Kommune
Til toppen