-
Dato
-
25. oktober 2024
-
Tid
-
13:00 - 15:00
-
Stad
-
Kommunestyresalen - Rådhuset
- Det har stor verdi i å møtast og kunne snakkast i lag då dette skapar open og god dialog. Innbyggjarane er opptekne av mange ting, og å kunne setje oss ned i to timar i fred og ro i kommunestyresalen har me god tru på, seier ordføraren.
Både ordførar og varaordførar set pris på desse møta med innbyggjarane, der ein møtest andlet til andlet og kan få snakka i fred og ro. Alle som har noko på hjarta, spørsmål om lokalpolitikk eller kommunen generelt er velkomen.