Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Kurs i bruk av Tilskuddsportalen

Bømlo kommune har i ein del år gjort Tilskuddsportalen tilgjengeleg for lag og organisasjonar heimehøyrande i Bømlo og for tilsette i Bømlo kommune. Tilskuddsportalen er eit digitalt oppslagsverk med over 2700 søkbare tilskotsordningar som lag og organisasjonar og andre kan søkja på. Det gjev ei god oversikt over kva som er mogleg å søkja på. Portalen vert stilt gratis til disposisjon for lag og organisasjonar. 

Dato
18. november 2024
Tid
18:00 - 19:30
Stad
Kommunestyresalen - Rådhuset

For å gjera portalen meir tilgjengeleg for lag og organisasjonar inviterer me til ei innføring/ eit lite kurs i bruk av portalen den 18. november kl. 18.00-19.30. Det blir eit digitalt kurs, kor kurshaldar er med via internett/storskjerm, men me ønskjer å samla representantar frå ulike lag og organisasjonar i Kommunestyresalen i Rådhuset, slik at det også blir rom for spørsmål og utveksling av erfaringar i samband med søknadar på ulike tilskotsordningar. 

Påmeldingsfrist for kurset: 1. november 2024

Kurset blir avlyst dersom det ikkje er nok påmelde.

Påmelding kurs Tilskuddsportalen

Kontaktperson: 
Johanne Kristiansen 
Rådgjevar for folkehelse og frivilligheit
E-post: johanne.kristiansen@bomlo.kommune.no
Tel: 453 82 642
 

Arrangør

Bømlo Kommune

Kontakt

rådgjevar folkehelse og frivilligheit
Til toppen